Posts

Ut i august

Image
 No er sommaren snart over og mykje har skjedd. under følger ein del bilder som illustrerer sommaren. Dette er sommaren godt oppsummert. her er alle - swati og anne m herleg med alle i almenningen som alltid ... det må gravast. og køyrast ... i alle fall sitje på setet iselin kosar seg i nystove været var so som so. det var i alle  fall to som syntest det var heilt ok vi laga lauvhytte til joa og benjamin besta norunn les bok så var det å få mat i dei små .... når det var kake gjekk det heilt fint gullungane med pappa og onkel i fjæra i styggeveiret laga vi til leikeplass i annekset med basseng, dart og bowling ein kveld vart det faktisk fint etter ferien i alm drog min kjære joa til danmark. værskiftet var påtakeleg. vi kosar4 oss i kveldsola. trur dette må være før alle mine kjære kom eg var ein tur austaføre og henta eit lass med panel og bar alt inn i meglaren saga og pebe kom på besøk i brattland. veldig kjekkt dette var nok litt tidlegare  i sommar. vi lagar hjortekarbonadar ette

mandag

Image
no har det vore helg og idag har det vore tre prosjekt. tyttebæret skulle delast på midten. det skulle handlast og så var det ei kalesje som skal lappast - og så har katten blitt borte. såg den sist rundt midnatt laurdag. den er nok borte for godt .... kanskje overkjørt :-( Norunn slit med smerter og må sitje å sove for å halde armen best muleg stilling. det kjem seg vel etter kvart -det har i alle fall ikkje blitt verre. ho har ellers vanskeleg for å halde seg i ro og vil helst klare alt sjølv. det er utruleg mykje som ein treng begge hendene til. prøv å skjære brød, smørje ei brødskive .... i morgon blir det meir skruing. håpet er å bli ferdig før kvelden. ellers så går øvingane til spelet i smørhamn for fullt med stor entusiasme. eg er styreleiar i stiftinga så det vert ein del adm. arbeid med alle detaljar som skal på plass. eg dreg til kalvåg fredag og blir til søndag kveld el mandag. det er ikkje lett å halde seg i ro. her lukar ho ugras og plantar. det vert mest venstrehåndsarbe

Heimatt

Image
idag  gjekk turen til lærdal. norunn var nesten ferdig med å skravle med romveninna og klar til å skrivast ut. vi åt middag på sykehuset før vi drog. kjøttbollar med gulerøter og steikte poteter. ikke akkurat resturantstandard, men så er maten og transportert frå sentralkjøkkenet i førde og .... tru det den som  vil at det er rasjonelt. det var marknad i lærdal, lærdalsmarknaden heiter den (bombe) vi gjekk i alle fall forbi mange boder og ..... det er ikkje ufarleg å ha norunn med på slikt. ho vert så lett engasjert og skal kjøpe eit og anna som ho ikkje treng .... foreløpig. no har ho armen i fatle -for å seie det forsiktig. armen er bunden fast til kroppen og slik skal den være heilt i ro i 4 veker. då kan ho begynne med vanleg fatle, men ganske lenge det og. glad eg slapp. på marknaden kjøpte vi masse oliven av ulike slag og kvitløk. så i kveld har vi hatt baugett, oliven, ost, kjeks og kvit. nydeleg. no har norunn fått tablettane sine og vi skal til å legge oss. kjenner eg får litt

Lærdal

Image
var i Lærdal idag og på avdelingen idet Norunn våknet opp. alt hadde gått bra og vi var glade. jeg lot henne i fred en stund og gikk på "byen" og i besøk til Gerd, hennes søster. da jeg kom opp igjen var hun i full fyk. mens jeg var der ble hun rullet inn fra oppvåkningen til rommet på avdelingen. der var det en dame til som hadde hatt samme operasjon idag og skravla gikk. snakket med henne i kveld og hun var i godt humør og hadde fått en ny veninne. bondekone fra moskog. kanskje det er de vi skal gå sammen med på sommernatt i jølster i år. tilbake i fjøra (som er navnet til sentrum av sogndal) hentet jeg akslingen som skal inn i gearet til tyttebæret. gleder meg. i morgen skal jeg inn å hente norunn sånn ca midt på dagen. akslingen ser slik ut. artig. gleder meg til  å skru.

Litt arbeid

Image
 vart litt å gjere i dag og. først så laga eg til ein patent for å få radiatoren tett på tyttebæret. litt sveising og gjenger så trur eg det skal bli tett. så var det bjelkane i taket....malte opp igjen alle saman pluss ramma rundt. no er i alle fall fargen lik i heile taket. det var ellers ikkje så stor forskjell som det såg ut til i går. tips: rør godt rundt. det sørgelege - som eg kom på seinare, var at eg gløymde å sette på loket på boksen då eg drog :-( vilde måtte ha litt omsorg ho og. litt feilande clutch og lite luft i eit dekk. prøver med same skummet som på lina i går. etter litt rydding køyrde eg til brattland. norunn er på sykehuset og skal operere i morgon. ikkje alvorleg, det er skuldra som har skade i ein muskel/muskelfeste. skal innover til lærdal i morgon. det er ganske lang rekonvalesens etter ein slik operasjon ..... og så er det høgre sida..... ho vert nok litt vanfør ei stund, men eg har to friske armar så det skal gå bra. no ere bjelkane malte enno ein gong. no få

Tirsdag

Image
Idag var det akkurat passeleg veir til innearbeid. fekk lagt ferdig golvet i soverommet utover. no er det berre listing rundt golvet samt døra igjen. vi får sjå i morgon. merk parketten på venstre sida inn mot veggen. der krøllar den seg opp. slik blir det når parketten ikkje er avklimatisert. her får eg bruke golvlista til å presse med ned. ellers så var det pitte litt for lite av den grøne malinga. fekk ein boks med spring leaf og trudde at fargen skulle bli lik :-( her må nok alle bjelkane malast opp att :-( endeleg fekk eg trykkerten og låsen til å virke. for eit plunder å treffe gjennom dørbladet. eg har plundra med lina. ho lek luft i eine framhjulet. eg må passe på å parkere slik at eg når ut med slangen frå kompressoren. idag har eg prøvd meg på "quick fix" dvs ein boks med skum som vert sprøyta inn i hjulet. dette skal visst nok tette hol hvis dei ikke er for store.....vi får sjå om det virkar. det er mange nye bilar som vert levert med slik boks med skum i staden fo

Helg

Image
fredag drog eg inn i brattland. der er det godt å kome. fredagen hugsar eg ikkje so mykje av, men laurdag gjekk vi tur og så hadde vi graut til middag og sushi til kvelds. eg hadde med meg sprayhooden innover. den på lappast og saumane må gåast over. då er det godt å ha ei som mestrar symaskin på eit høgare nivå. ellers så var det flatbiff med raud til middag søndag. eg skulle lage middag medan ho sydde. det gjekk bra heilt til eg fekk ein telefon. då den var ferdig var middagen det og .... forunderleg. no er eg ute igjen i alm. var først til førde hos psyken, ordna noko i leiligheita og så fyllte eg opp kanner med diesel og bensin til sommaren. 4 kanner av kvart slag. nesten 4000. håpar det held eit år minst. no har malt resten av takbjelkane og gjort ferdig panelinga i gangen. den måtte eg ta ned då døra hadde ustandard mål, 845 i staden for 810 som er vanleg. så var det litt arbeid med utedøra. den nye er litt tjukkare enn vanleg og dermed måtte det nye skruar til for å halde trykke